Lovreglar for Sandnes historie- og ættesogelag

1.
Laget har til føremål:
a:  Å fremja interessa for lokalhistorie og ættegransking ved mellom anna å leggja tilhøva til rette slik at flest mogeleg i lokalsamfunnet kan ta del i slikt arbeid.

b:  Å byggja opp eit lett tilgjengeleg arkiv i Sandnes kommune, med lokalhistorisk kjeldemateriale.

c:  Å halda lagsmøte – så vidt mogeleg 8 – 10 gonger i året der medlemmene kan hjelpa kvarandre med å finna fram til ætt, dessutan høyre føredrag, sjå lysbilete, film o.a. i samsvar med laget sitt føremål.

2.
Laget søkjer innmelding i Rogaland Historie- og Ættesogelag på vilkår som må godkjennast av årsmøtet i lokallaget.
Laget søkjer samarbeid med kommunen, biblioteket og bygdemuseet.

3.
Alle kan bli medlemmer, også interesserte frå andre kommunar.
Årspengar vert fastsett av årsmøtet.

4.
Årsmøtet vel eit styre på 5 medlemmer for 2 år, slik at 2 av medlemmene er på val det eine året og dei 3 andre det andre året.
Ein vel først den av styret som skal vera formann i 2 år, deretter dei andre styremedlemmene som er på val.

2 varamenner vert valde for 1 år om gongen, likeeins 2 revisorar.

Begge kjønn bør om råd vera med i styret.

Årsmøtet vel og ei valnemnd på 3 medlemmer med funksjonstid på 3 år, slik at 1 av medlemmene er på val kvart år.
Medlemmet vert vald etter styrevalet. Den som sit det 3. året, kallar inn til møte, og leiar dette.

5.
Styret vel sjølv varaformann, sekretær, kasserar og elles turvande ombod. Dei legg fram årsmelding og årsrekneskap, og sender dette om mogeleg til medlemmene saman med innkalling til årsmøtet.

6.
Ved røysting i styre og lag har formannen 2 røyster i tilfelle med elles likt røystetal.

Styret er vedtaksført når minst 3 medlemmer til stades.

7.
Vert laget lagt ned og ikkje teke opp att innan 5 år, går heile eiga til Sandnes kulturstyre.



Sandnes historie- og ætesogelag, Postboks 262, 4303 Sandnes. Formann Odd Jansen, mobil 902 79 363
E-post: sigmund.alsvik@sandnes-historie-og-aettesogelag.no